Høyring av forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll etter forureiningsregelverket, Skjåk kommune - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Høyring av forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll etter forureiningsregelverket, Skjåk kommune

Høyring av forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll etter forureiningsregelverket, Skjåk kommune

Kommunen er forureiningsmynde etter forureiningsforskrifta kapittel 2 (opprydding i forureina grunn ved bygge- og gravearbeid), 12 (krav til utslepp av sanitært avlaupsvatn frå bustadhus, hytter og liknande), 13 (krav til utslepp av kommunalt avlaupsvatn frå mindre tettstader), 15 (krav til utslepp av oljehaldig avlaupsvatn) og 15A (påslepp av avlaupsvatn til offentleg avlaupsnett frå verksemder), og i forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygg.

 Kommunen er etter det same regelverket ansvarleg for å kontrollere at regelverket blir følgd.

Kommunen har etter forureiningslova § 52a anledning til å krevje gebyr for desse oppgåvene. Formannskapet i Skjåk kommune vedtok 17.9.2024, sak PS 50/2024, å leggje forslag til forskrift om gebyr for sakshandsaming og kontroll etter forureiningsregelverket til høyring. Forskrifta med følgjebrev og saksframlegg kan lesast her på www.skjaak.kommune.no. Ta kontakt med kommunen dersom du ønskjer papirutskrift av dokumenta.

Innspel skal sendast til post@skjaak.kommune.no eller Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk innan 31.10.2024.

Vedlegg til høyringa:

Kontakt

Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658