Hjorteviltpåkjørslar i Skjåk
Hjorteviltet er i størst aktivitet den mørka tida på døgnet særleg morgon og kveld. Det er naturleg nok størst risiko for påkjørslar i vinterhalvåret da det er mørkt store delar av døgnet og meire snø høgare i terrenget. Da kjem hjorteviltet ned i dalbotn for å finne mat og for lettare å kunne ta seg fram. Mange opplever at hjortevilt beiter på hagevekstar og rundballar om dei får moglegheit. Ved rundballelagre som ikkje er sikra kan hjorteviltet bli samla i store flokkar. Heldigvis er fleire av rundballelagra i Skjåk betre sikra no enn for berre nokre år sidan.
Hjorten beiter mykje på dyrka mark vinterstid om snømengdene ikkje blir for store. Om den må krysse ein veg for å komme frå dagområdet til beiteområde på dyrka mark blir det ofte trafikkfarlege situasjonar.
Om lag halvparten av hjorteviltet som blir påkjørt døyr eller blir avliva som fylgje av påkjørselen, 30 % blir friskmeldt, medan ca 20 % ikkje blir attfunne (statistikk frå dei fire siste åra i Skjåk).
![](/handlers/bv.ashx/i83ea8cb2-85db-44ab-a4c8-f4a7c792feff/w1200/q6022/k62538769c854/hjorteviltpakjort.png)
![](/handlers/bv.ashx/i5faed8fa-d039-442c-9e14-49248e667caa/w1200/q6025/kb67661ecb979/pakjort-og-daudt.jpg)
I tillegg til jakt og påkjørslar er det ein god del hjortevilt som døyr av andre årsaker, til dømes sjukdom, ulykker og rovdyr. I 2020 var det registrert 78 hjortevilt som døydde utanom jakt. I 2018 hadde vi ein snørik vinter, da døydde heile 99 hjortevilt utanom jakt.
![](/handlers/bv.ashx/i60f01796-146e-40fa-be2f-f7c936c6828a/w1200/q6023/kab622497592d/fallvilt_althjortevilt_utanom_jakt.png)