Hedda får verdifull erfaring gjennom "Sats på Skjåk"-prosjektet - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Hedda får verdifull erfaring gjennom "Sats på Skjåk"-prosjektet

I sommar er Hedda tilsett som intern i prosjektet "Sats på Skjåk".

Internship i prosjektet "Sats på Skjåk

I sommar er Hedda tilsett som intern i prosjektet "Sats på Skjåk". Hedda kjem frå Lesja og studerer master i marknadsføring og kommunikasjon i Lisboa. Gjennom sommaren vil ho jobbe i Skjåk i fem veker, der ho skal bidra med sin kompetanse og engasjement. Følg kvardagen hennar på TikTok-kontoen @skjaknaturlegvis for å få eit innblikk i hennar arbeid og opplevingar.

Internship Gudbrandsdalen

Internship Gudbrandsdalen er eit initiativ gjennom Styrk Sel, som har som mål å skape spennande arbeidsplassar i regionen. Prosjektet gjev studentar moglegheita til å bruke si teoretiske kompetanse i praksis, noko som er med på å førebu dei på arbeidslivet. Internship Gudbrandsdalen er ein viktig arena for unge talent som Hedda, og bidreg til å styrke den lokale arbeidsmarknaden med ny kunnskap og friske perspektiv.

skjermdump med bilde av person - Klikk for stort bilde Skjermdump frå TikTok