Friviljuge "Natteravner" den 7. oktober?

Det skal vere fest med Vassendgutane i Skjåkhallen i samband med Hausttakk i Skjåk, den 7. oktober. Vi treng nokre fleire til å gå vakt rundt om i Bismo på natta. 

Friviljuge "Natteravner" den 7. oktober? 

Når det er fest med Vassendgutane blir det ofte mange glade både barn, unge og vaksne i Bismo. Vi har nokre friviljuge på lista, men tek gjerne imot fleire. Har du moglegheit til å gå vakt ein time eller to på natta den 7. oktober, så hadde det gjort det tryggare for alle. Send ei melding til Marianne Stensgård på telefon 90941702, om du har litt ledig tid.