Friviljug på Landsfestivalen?

Å vere friviljug er spennande og morosamt - her får du møte nye folk og oppleve Landsfestivalen frå innsida. Bli med du også.

Geir Byre og Egil Kveen i fint driv Thor Hauknes

Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2018 er i Skjåk 1. til 5. august

Å vere friviljug inneber at du blir del av eit stort fellesskap. Det trengst fleire hundre hender i arbeid for å få festivalen i hamn. Kan du tenkje deg å vere med?

Vaktene på Landsfestivalen er på minimum 4 timar. 

Fordelar som vakt

Dersom du jobbar mindre enn 12 timar får du T-skjorte og inngangsbillett den dagen du har vakt.

Dersom du jobbar 12 timar eller meir får du: 

  • T-skjorte
  • Gjennomgangsbillett til heile Landsfestivalen
  • Invitasjon til dugnadsball utpå hausten

Kommentarar frå friviluge som har meldt seg

  • "Eg gler meg!"

  • "Berre eg får dansa, og høyrt på musikken ein kveld eg så..."

  • "Eg vil så ringblomar, blomkarse og bidreg med det om avlinga lykkast."

Det er enkelt å melde seg som friviljug

Det er rett og slett berre å fylle ut dette skjemaet på nettsida til Landsfestivalen: Friviljug på Landsfestivalen

Når du har registrert deg som friviljug får du ein e-post med ei stadfesting på at du er registrert.

Meir informasjon om Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Vil du spele til dans?

Vi håpar mange vil spele til dans under festivalen. Ver vennleg og meld frå via dette skjemaet: 

Eg/vi vil gjerne spele til dans