Folketalsauke i Skjåk

Gladmelding: Folketalet i Skjåk går oppover.

Folk i Skjåk

Størst auke i Oppland

- Dette er svært gledeleg. Etter fleire år med folketalsnedgang ser vi endeleg vekst. For ein liten kommune som Skjåk er auken på 25 personar betydeleg. Det er faktisk Skjåk som kan vise til størst prosentvis auke i Oppland.

Utan å kunne peike på ei direkte årsak til folketalsauken, er det likevel grunn til å trekkje fram omdømmearbeidet. Skjåk leverer gode tenester, vi har bygd ny skule, Skjåkheimen har fått eit nytt lyft, vi har eit solid næringsliv med heilårs arbeidsplassar, gode barnehagar. Slikt blir lagt merke til, seier ordførar Elias Sperstad.

Oversikt folketal

Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad Sigrun Eide