Finn Sandum fekk Skjåkprisen for 2020

Skjåkprisen 2020 - Klikk for stort bildeFinn Sandum fekk overrekt Skjåkprisen frå ordførar Edel Kveen foran heile kommunstyret i Skjåk kommune!

Skjåkprisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har hatt stor betyding for Skjåk, og som har sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. 
Prisen vart delt ut under årets siste kommunestyremøte i dag. 

Det er fleire grunnar til at Finn Sandum får Skjåkprisen for 2020


Han har vore aktiv i UL Fram. Primus motor for bridgen i Skjåk i mange år. Og det som ligg hans hjarte nærast, er sjakk. Finn har lagt ned eit enormt arbeid i sjakkmiljøet i bygda. Dette miljøet har fostra mange dyktige sjakkspelarar. 
Han har vore mykje nytta som programleiar og stilt med kulturelle innslag på ymse arrangement. Han var i mange år ein dyktig rektor og personalleiar på Nordberg skule.
Ikkje minst får Finn Sandum Skjåkprisen for diktinga si. Dikta hans er, og har vore, både til
glede og trøyst for mange i bygda vår, men har óg nådd langt ut i landet takka vere gruppa som har
tonesett dikta hans, Sol i Skuggeskog.

Som Finn så i takketala si: "Eg er voldsomt overvelda, overraska og djupt rørt. Eg har funne ei bygd som har ynskt meg velkomen, men ikkje berre det. Eg har funne ei bygd som har teke vare på meg. Eigentleg er det vel eg som skulle ha hatt ein pris til Skjåk kommune, og ikkje omvendt. Eg vil avslutte med å seia - Tusen hjarteleg takk. Dette var heilt overveldande."