Felles strategi

Dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har vedteke ein felles digitaliseringsstrategi. 

Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja

Kommunane møter høge forventingar til kommunale digitale tenester frå innbyggjarane, tilsette og næringslivet. Det er og eit auka krav til effektivisering og krav om digitale tenester frå myndigheiter og andre samfunnsaktørar.

For å møtte desse krava og forventingane har dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen gått saman om ein felles digitaliseringsstrategi. 

 

Best mogleg tenester til fleire

Det overordna målet med digitaliseringa er at kommunane skal kunne yte betre tenester til fleire på ein meir effektiv måte.