Fallvilt og påkøyrt vilt i Skjåk - Skjåk kommune

Fallvilt og påkøyrt vilt i Skjåk

Alt hjortevilt som døyr utanom ordinær jakt blir registrert i hjorteviltregisteret som fallvilt. Sjå alle tal i artikkel.

Fallvilt og påkøyrt vilt i Skjåk

Alt hjortevilt som døyr utanom ordinær jakt blir registrert i hjorteviltregisteret som fallvilt. Det høgaste talet på fallvilt hadde vi i 2018, da var det mykje snø også nede i bygda og mange dyr dauda på vinteren og våren.

 Det er relativt mange påkøyrslar i Skjåk, ofte mellom 40 og 60 pr år. For fem år sidan var det heilt oppe i 85 påkøyrslar. Det var nokre færre påkjørslar i 2024 enn året før. Det var særleg nedgang i talet på elgpåkjørslar. Normalt er det elg og rådyr som er involvert i flest påkøyrslar, men dei tre siste åra har det vore påkøyrt like mange hjort.

 Ved store snømengder beitar hjorteviltet meir på innmark lågt i terrenget. Da blir det som regel fleire kryssingar av vegar og fleire påkøyrslar. God siktrydding er eit tiltak som kan bidra til færre påkøyrslar.

 Om lag halvparten av dei dyra som blir påkøyrd daudar. Om dei ikkje er øydelagt i påkøyrselen kan dei bli brukt til mat. Dei må i så fall bli godkjend av mattilsynet ved eit godkjent viltbehandlingsanlegg. Dette gjer det kostbart og utfordrande å utnytte vilt som er påkjørt til mat. Dersom t.d. vomma er sprukke eller dyret har dauda før fallviltpersonell kjem fram til påkøyrselstaden, vil dyret uansett ikkje kunne bli godkjent. Dei som ikkje blir brukt til mat kan bli brukt til åte eller bli liggjande i skogen og brytast ned naturleg.

Hjortevilt påkjørt og daudt

Hjortevilt påkjørt og daudt
Dyr 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024
Elg 7 9 6 12 8 11 3 8 10 4
Hjort 6 4 3 8 10 9   5 8 7
Rådyr 15 13 18 13 16 22 15 10 15 16
Villrein     1         1    
Totalsum 28 26 28 33 34 42 18 24 33 27

Hjortevilt påkjørt

Hjortevilt påkjørt
Dyr 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024
Elg 23 18 28 26 18 31 10 14 18 10
Hjort 12 9 12 19 16 19 2 14 17 15
Rådyr 21 23 26 20 24 35 22 14 22 22
Villrein     1         1    
Totalsum 56 50 67 65 58 85 34 43 57 47

 

Fallvilt

Fallvilt
2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024
19 33 25 37 27 32 33 34 35 22
14 12 14 30 14 21 12 16 10 20
22 20 26 30 21 23 22 13 28 19
  7 2 2   2 5 5 1 3
55 72 67 99 62 78 72 68 74 64

 

BIlde av tabeller - Klikk for stort bilde
BIlde av tabeller - Klikk for stort bilde
BIlde av tabeller - Klikk for stort bilde

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145