Få tilskot til fjerning av gamle og/eller farlege gjerde
Landbrukskontoret i Lom og Skjåk gjennomfører eit prosjekt for å få fjerna gamle og/eller farlege gjerde i inn- og utmark i Lom og Skjåk kommunar. For gjerde som blir fjerna og levert til Nord-Gudbrandsdal renovasjonsselskap (NGR), kan du søke om å få utbetalt eit tilskot. Kvart år er det hjortevilt i Lom og Skjåk som døyr på grunn av at dei heng fast i gjerde. Nokre av desse hendingane kunne vore unngått om gamle gjerde og piggtrådgjerde som ikkje er halde ved like var fjerna.
Det blir gjeve kr 20 per meter rydda nettinggjerde og kr 20 per meter piggtråd, eller kr 350 per time brukt til rydding. Timesats er aktuelt ved vanskelege og/eller utilgjengelege gjerde. Det blir ikkje gjeve timesats og kr per meter for same gjerde. Tilskotet utbetalast etter innsendt søknad om utbetaling.
Når du har rydda gjerde og fått kvittering på at det er levert til miljøstasjonen kan du sende inn skjema via eDialog slik det er beskrive under.
Hugs å merke sendingen/søknad med: Få tilskot til fjerning av gamle og/eller farlege gjerde.
Logg deg inn på eDialog og legg inn fylgjande opplysningar:
Utbetaling av tilskot per meter rydda gjerde:
- Legg inn kontonummer for utbetaling av tilskot under merknad
- Last opp vedlegg:
- Kvittering frå miljøstasjonen
- Kart som viser lengda på gjerdet, og kvar det er fjerna frå
Utbetaling av tilskot per time:
- Legg inn kontonummer for utbetaling av tilskot under merknad
- Last opp vedlegg:
- Kvittering frå miljøstasjonen
- Kart som viser lengda på gjerdet, og kvar det er fjerna frå
- Bilete før og etter gjerde er fjerna
- Timeliste
Mengde innlevert nettinggjerde blir berekna per kubikk, og blir anslått i antal meter. Det kan utbetalast både for gamalt trådgjerde/nettinggjerde på same strekninga av gjerde, men er det fleire høgder med piggtråd blir det utbetalt berre for ei lengd.
Tilskot utbetalast fortløpande. Når prosjektmidlane er brukt opp vil det ikkje utbetalast meir tilskot.
Vilkår
- Den som leverer inn gjerde som ein del av prosjektet må gje beskjed på miljøstasjonen om dette ved levering
- Alt som leverast av metallgjerde (nettinggjerde, piggtråd mm.) skal vere reint metall
- Stolperestar, kvistar og gras skal fjernast før levering. Er det ikkje reint vil det bli avvist eller at leverandør må betale for levering etter fastsette satsar for usortert avfall
- Det blir gjeve tilskot for alle type metallgjerde
- Det blir gjeve tilskot for gjerde som er rydda i Lom og Skjåk kommunar
- Skal du rydde på eigedom du sjølv ikkje eig må du ha tillating frå grunneigar
- Anmodning om utbetaling må vere innsendt innan 1. desember 2026