Erstatningsordningar etter ekstremvêret

Skjåk kommune

Har du fått skade på eigedom eller avling som følgje av ekstremvêret "Hans" er det to ordningar du fyrst og fremst kan få kompensasjon frå: naturskadeerstatning og tilskot ved produksjonssvikt.  

Erstatningsordningar etter ekstremvêret

Ved skadar som følgje av mykje nedbør og flaum kan du ha krav på naturskadeerstatning eller tilskot ved produksjonssvikt. Begge ordningane administrerast av landbruksdirektoratet, men landbrukskontoret kan bistå med rettleiing. 

Statsforvaltaren i Innlandet har oppretta ei nettside for å samle informasjon om støtteordningar og rettleiing etter uvêret "Hans". Nettsida blir oppdatert fortløpande:  

Opprydding etter uværet "Hans" - støtteordninger og veiledning | Statsforvaltaren i Innlandet

 

Naturskadeerstatning

Dersom det ikkje finst eit vanleg forsikringstilbod for det som er skada, kan du søke statleg naturskadeerstatning. Skade på jordbruksareal, skogbruksareal, veger som ligg utanfor 5 dekar frå bustadhus/hytte, bruar er døme på slike areal og objekt som kan dekkast av den statlege naturskadeordninga.

Søknadsfrist: seinast tre månader etter skaden.   

Prosedyre for å søke om erstatning:

  1. Ta godt med bilder - viktig å få dokumentert heile skaden. 
  2. Ved kostnader under kr 50 000 kan du berekne kostnadane sjølve.
  3. Ved kostnader kr 50 000 - 200 000 må du få ein entreprenør til å berekne kostnadane.
  4. Ved kostnader over kr 200 000 må du få tilbod frå minst 2 entreprenørar.
  5. Når du har dette i orden kan du søke om erstatning via altinn
  6. Om du ikkje vinst å få inn tilbod innan fristen, så meld inn skada innan fristen og søk seinare.

Meir informasjon om denne ordninga:

 

Tilskot ved produksjonssvikt

Ved skade på avling forårsaka av mykje nedbør og flaum kan ein søke om tilskot ved produksjonssvikt. 

Opplever du vesentleg svikt i planteproduksjonen så meld i frå til kommunen via altinn så raskt som mogleg. Dette for at kommunen skal ha moglegheit til å kontrollere skadane. 

Har du meldt inn skade kan du søke om tilskot ved produksjonssvikt etter at vekstsesongen er over. 

Søknadsfrist: 31. oktober 

Meir informasjon om denne ordninga: 

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 932 29 458
Pål Skjåk Haugen
Jordbruksrettleiar/Skogbrukssjef
Telefon 909 16 579
Mobil 909 16 579