Er du i karantene eller ventekarantene?

Da må du halde god avstand til alle, også til dei du bur med og andre som er i karantene eller ventekarantene. I all hovudsak skal du følgje akkurat dei same råda uansett kva for karantene du har. 

Den største forskjellen på karantene og ventekarantene er:

Om du får vite at du har vore utsett for smitte må du vere i karantene.

  • Karantene varar vanlegvis i 10 døgn frå sist du var utsett for smitte. Om du får negativt svar på test tatt tidlegast 7 døgn etter du vart utsett for smitte, og du ikkje har symptom, er karantenetida over.
  • Om du til dømes bur saman med ein som er nærkontakt (og som følge av det sett i karantene) må du vere i ventekarantene fram til nærkontakten har fått det første testsvaret sitt. 
  • Om det første testsvaret til nærkontakten er negativt, er du ikkje lenger i ventekarantene. Dersom testsvaret til nærkontakten er positivt, må du vere i vanleg karantene som varar lenger.

For meir informasjon om kva karantene og ventekarantene innber, sjå www.helsenorge.no