Elevbedrifter og Skjåkmat vart heidra på gårsdagens kommunstyremøte

Elevbedrifter frå Skjåk barne- og ungdomskule og Skjåkmat vart invitert på gårsdagens kommunestyremøte (torsdag 30. mai)

Skjåkmat heidra

Skjåkmat vart heidra av kommunestyre torsdag. Dei vart på Noregsmeisterskapen i kjøtprodukt kåra som noregsmeistrar i spekemat. Skjåkmat fekk gullmedalje for spekeskinka, sylvmedalje for ostesalami, sylvmedalje for nøttesalami og sylvmedalje til Tante Gunn’s festpølse. Torsdag 30. mai vart dei invitert inn til kommunstyret i Skjåk.

Skjåkmat er noregsmeistrar i spekemat Skjåk kommune

Elevbedriftene

Elevbedrift (EB) er eit program i regi av Ungt Entreprenørskap, der elevane utviklar samarbeidsemne, kreativitet og initiativ gjennom etablering og drift av ei elevbedrift. Lærarane koplar arbeidet opp mot læringsmåla i eitt eller fleire fag, i tillegg til tverrfaglege tema.

To av elevbedriftene frå Skjåk som gjekk vidare til fylkesmesterskapet INNspire, vart invitert til kommunestyre torsdag den 30.mai. Bedriftene fortalde kort om kven dei er og kva bedriftene produserer eller sel.

  • Elevbedrifter frå Skjåk: Kombinett EB, Skjåk saft og syltetøy EB, Fireflammer EB, Himmelbiter EB
  • Kombinett EB 2.plass beste elevbedrift og 2.plass beste team.
  • Skjåk saft og syltetøy: 1.plass beste kundeoppleving, 1. plass beste grønne entreprenør,

Sjå fyrste del av tv-sendinga frå kommunstyremøte med presentasjon av elevbedriftane og Skjåkmat

Skjåk kommune

 Kombinett EB

  • Ida Steinbakke Hole
  • Aurora Skjaak Plassen
  • Tuva Prestjordet
  • Amanda Sahlsten 

 

Skjåk saft og syltetøy EB

  • Noa Hånsnar 
  • Iver Eiesar-Moen
  • Daniel Andersbakken
  • Isak Hyrve Bosmen
Skjåk kommune