Elevbedriftar frå Skjåk deltok på elevbedriftsmesse

Skjåk dekk og vask Skjermdump: Ungt Entreprenørskap - ue.no/Innlandet    Torsdag 28. april arrangerte Ungt Entreprenørskap elevbedriftsmesse på Otta. Sju elevbedrifter frå Skjåk barne- og ungdomsskule deltok på messa med deira bedriftside og produkt. 

Elevbedriftsmesse

Elevane frå Skjåk starta opp arbeidet med elevbedrift i vår, og det meste av veke 16 gjekk med til å utforming og vidareutvikling av  elevbedrifta og produkta deira. I tillegg til elevbedrifter frå Skjåk barne- og ungdomsskule, deltok og eleva frå Heidal skule, Dovre ungdomsskule, Lesja Skule og Otta ungdomsskule på messa, og det var totalt 18 elevbedrifter som var med denne dagen.

Prisdryss

På elevbedriftsmessa var det fem ulike konkurransar med tilhøyrande kriteriar som alle elevbedriftene var deltakande i. Desse kategoriane var:

  1. Beste elevbedrift
  2. Grønt&genialt-prisen
  3. «Spis#MerAv»-prisen
  4. Beste profilering
  5. Beste team

Elevane visste på førehand kva dei ulike kriteriene var, og juryane gjennomførte samtaler og intervju med elevbedriftane på stand i løpet av dagen.  

Resultatliste

Beste elevbedrift
1. Skjåk dekk og vask EB, Skjåk barne- og ungdomsskule
2. Heidal dialektspel, Heidal skule

Beste profilering
1. Skjåk dekk og vask EB, Skjåk barne- og ungdomsskule
2. Ull er gull EB, Skjåk barne- og ungdomsskule

Grønt & genialt-prisen
1. Fra mat til jord EB, Skjåk barne- og ungdomsskule
2. Ull er gull EB, Skjåk barne- og ungdomsskule

"Spis#MerAv"-prisen
1. Chiligutta EB, Dovre ungdomsskole
2. Choco energy EB, Otta ungdomsskole

Beste team
1. Ull er gull EB, Skjåk barne- og ungdomsskule
2. Gutta golfer, Dovre ungdomsskole

Beste kundeopplevelse
1. Møller og Groven Pizza EB, Lesja skule
2. Ull er gull EB, Skjåk barne- og ungdomsskule

Fylkesmeisterskap på Hamar

1. juni skal fylkesmeisterskap elevbedrift gjennomførast på Hamar. Fem av elevbedriftene frå messa fekk kvalifisering, og to av desse er frå Skjåk barne- og ungdomsskule. Det er Skjåk dekk og vask EB og Ull er Gull EB.