Elevar ved Bygg- og anleggsteknikk på besøk hjå Skjåk kommune

I dag har elevar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avd Lom, Vg1 Bygg- og anleggsteknikk vore på besøk hjå Skjåk kommune for å sjå på anleggområdet til Skei 3.

Elevar ved Vg1 Bygg- og anleggsteknikk avd. Lom på besøk i Skjåk kommune Lars Kurt Haugen      

Teori

Prosjektleiar Lars Kurt Haugen gav elevane ein teoretisk gjennomgang av prosjektet i kommunestyresalen. Her fekk dei informasjon om VA-traséar, plankart, vasshandtering, tverrsnitt- og lengdesnitt-teikningar samt ein gjennomgang av sikker jobbanalyse.

Praksis

Dei har også vore  på omvising i anleggområdet saman med Lars Kurt Haugen. Elevane fekk sjå korleis ei ope røyrgrøft ser ut og korleis denne blir til med røyr og masse. Elevane følgde interessert med. Dei fekk også sjå kvar vegen og rasvollen kjem og dei fekk sjå kva for maskinar som blir brukt i arbeidet.

Skjåk kommune takkar for besøket!  

   

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890