Ekstremveret Hans- status frå kriseleiinga 14. august

Bilde av Skjåk kommunehus - Klikk for stort bilde Skjåk kommune

Telefonnummer som innbyggjarane kan nå Skjåk kommune på dersom dei ser noko kriseleiinga treng å kjenne til er 612 17 000.

Ekstremveret Hans - status frå kriseleiinga

Status måndag 14. august kl. 09:30:

  • Aktiv kriseleiing er no oppheva i Skjåk, men vi følgjer framleis situasjonen tett, og oppdaterer med informasjonen kontinuerleg. Det vil bli sett krisestab innan kort tid ved behov.
  • Det er meldt regn kommande døgn, og pga av varselet er det oppjustert til gult farevarsel for flaum- og jordskredfare i Skjåk. Små bekker har teke nye far og dette kan vera utfordrande kommande dagar, og kommuna oppfordrar difor publikum om å vere ekstra på vakt og melde inn om dei ser endringar i terrenget. Følg med, og også sjekk eigen eigedom.
     

Status måndag 14. august kl. 08:00: Lokal legevakt Lom og Skjåk er no oppheva

Lokal legevakt Skjåk og Lom er no oppheva, og det er regional legevakt på Otta som vanleg.

  • Telefon legevakt: 116 117
  • Ved livskritiske hendingar ring 113

Status fredag 11. august kl. 21.00: Evakueringa oppheva. Fylkesveg 2646 opna for normal ferdsel

Personar busett i Staurustvegen aust i Skjåk solside kan nå flytte heim. Geologen er ferdig med sitt arbeid og vurdering, og evakueringsstatus blir oppheva. Det skada vegfeltet blir sperra og dei tilrår ikkje tungtransport på vegen

Status fredag 11. august kl. 12.05:

  • Melding om utgliding av jordmassar på Fylkesveg 2646 aust i Skjåk Solside. Politiet har beslutta å evakuere Staurustvegen. Personar busett i området har vorte varsla og er evakuert til Skjåk Turistheim. Det er ikkje fare for liv og helse. 
Skjermdump vegvesen.no - Klikk for stort bilde Skjermdump vegvesen.no

 

 

 

 

 

 

Status torsdag 10. august kl. 12.05:

  • Faregraden for jord- og flaumskredfare er no nedjustert og kriseleiinga i Skjåk kommune vurderer det som tilrådeleg å oppheve evakueringa. Alle som har vore evakuert i Skjåk får nå flytte heim att.
  • Kriseleiinga ber folk om å framleis vere forsiktige langs elvekantar. Ver merksame og meld ifrå til Skjåk kommune servicetorg på telefon 612 17 000 og/eller teknisk vakt på telefon 909 77 628 om du ser utglidingar i terrenget, eller det er andre spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp. Kriseleiinga oppmodar også folk til å sjekke eigen eigedom at alt er ok.
  • Legevakt/legekontor: Ope som normalt på dagtid. Dersom ein treng legehjelp utanom opningstida på legekontarane lyt ein ringe legevaktstelefon på 116 117. Der vil ein få nærare beskjed om kva ein skal gjere. Ved livskritiske hendingar ring 113. 
  • Status på stengde vegar: Du finn oppdatert status på vegvesen.no

Status onsdag 9. august kl. 17.30: 

  • Kriseleiinga er tilstades på kommunehuset utover kvelden og natta, og er tilgjengeleg så lenge det er raudt farevarsel for jordskred i Skjåk. Telefonnummer som innbyggjarane kan nå Skjåk kommune på dersom dei ser noko kriseleiinga treng å kjenne til er framleis 612 17 000 (heile døgnet). 
  • Teknisk vakt i Skjåk kommune kan kontaktast på telefon 909 77 628 dersom det er spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp. 

Status onsdag 9. august kl. 15.00: 

  • Det har nå skjedd mykje naturskader i Lom og Skjåk. Dette er det mogleg å søke naturskadefondet om erstatning for. Les meir om dette  i eigen artikkel
  •  

Status onsdag 9. august kl. 11.00: 

  • Det har vore problem med telefonlinja til servicetorget og legekontoret i dag.  Feilen er nå retta og telefon til Servicetorget og legkontor fungerer att. 

  • Riksveg 15 er ope mellom Lom og Skjåk for personbil, men ikkje tungtransport.
  • FV484 Lundavegen har eit køyrefelt ope forbi Nørde Juva

Oppdatert status onsdag 9. august kl. 08.30: 

  • Faregrad er framleis raudt for heile Skjåk. Farevarselet gjeld for regn og flaumfare, samt jord- og flaumskred, i forbindelse med ekstremvêret.
  • Det oppmodast om at innbyggjarane held seg unna elver og bekkar med stor vassføring. Skjøla og Ottaelva har framleis stor vassføring. Skjåk kommune følgjer situasjonen fortløpande.
  • Det er 25 evakuerte bebuarar i Skjåk - 14 av desse er på Turistheimen, resterande i privat losjering. To personar frå psykososialt kriseteam er også stasjonert på Turistheimen. Så lenge det er raudt farevarsel frå NVE vil ikkje kriseleiing at folk flytter attende til heimane sine. 
  • Det er framleis stengt riksveg 15 aust for Lom - Riksvegen er ope mellom Lom og Skjåk er open for personbil ikkje tungtransport.
  • Det er oppheva oppmøtestad på Dønfoss bhg ved utfall av EKOM - kun oppmøtestad Skjåkheimen som gjeld nå.
  • Telefonnummer som innbyggjarane kan nå Skjåk kommune på dersom dei ser noko kriseleiinga treng å kjenne til er 61217000 (Servicetorget).
  • Teknisk vakt i Skjåk kommune kan kontaktast på telefon 909 77 628  dersom det er spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp
  • Det har vore mindre nedbør i natt, og det er meldt mindre nedbør, men utglidingar i terrenget kan koma når nedbør trekkjer seg attende. 
  •  

Oppdatert status kl. 20.33: 

  • Ordførar Edel Kveen har oppsummert ettermiddagen og dagen i Skjåk til Statsforvalter og NVE
  • oppretta felles legevakt i Lom og Skjåk pga stengd veg nedover dalen.  Det er stasjonert ambulanse og lege i Skjåk, og etablert helikopterberedskap på Otta.
  • kritisk område nå er Blåbærmyra og Bismo. Anlegg Øst jobber med å sikre flaumvollen på to kritiske områder.
  • Så lenge det er raudt varsel og pågåande vær (nedbør) er det ikkje aktuelt å la folk få flytte heimat (dei evakuerte). 
  • værprognoser pr nå ser det ut til å vera nedbør t.o.m. torsdag. 
  • Kriseleiinga i Skjåk sitt i beredskap til flaum og skredfare blir nedjustert. 
  • Informasjon om stengde vegar finn du på trafikkmeldingane til Statens vegvesen 

Oppdatert status kl. 18.30: 

Bru og veg i Skjåk: (status blir oppdatert)

  • Stengt: Fv. 2648 Vollung bru Ø i Skjåk, Innlandet - fv. 2648 Skamsar bru i Skjåk, Innlandet, i retning mot Skamsar bru
  • Det har vore tilsyn i Skei, og det er ikkje mykje vatn der pr no.
  • Det er heller ikkje kritisk på Sota og Liavatnet, god klaring på Dyringsbrua. 
  • Lundavegen stengt på båe sider av Nørdre Juva.

Oppdatert status kl. 18.00: 

Viktige telefonnummer:

  • Lokal legevaktstelefon på 116 117. .
  • Ved livskritiske hendingar ring 113.
  • Telefonnummer som innbyggjarane kan nå Skjåk kommune på dersom dei ser noko kriseleiinga treng å kjenne til er 61217000
  • Teknisk vakt i Skjåk kommune kan kontaktast på telefon 909 77 628 dersom det er spørsmål i samband med kommunale vegar og kommunalt vatn og avløp.

Oppdatert status kl. 17.55: 

Rv15 er stengt mellom Vågå og Lom. Stor vassføring over vegen og rasfare gjer at Statens vegvesen har stengt riksveg 15 mellom Lom og Vågå, på grunn av stor vassføring og rasfare.. Fram til vegen opnar vil det vere ein lege tilgjengeleg i Lom og i Skjåk kommune, som fungerande legevakt utanom legekontors opningstid. Dersom ein treng legehjelp utanom opningstida på legekontarane lyt ein ringe legevaktstelefon på 116 117. Der vil ein få nærare beskjed om kva ein skal gjere.

Ved livskritiske hendingar ring 113.

Ved bortfall av EKOM gjeld oppmøteplassar som orientert om tidlegare.

Oppdatert status kl. 17.20: 

Melding om at Byrbergtunnelen (RV15) er stengt, samt Liavegen i Lom kommune - dette medfører at det blir etablert eige legevakt for Lom og Skjåk fram til det er open veg att. Kommuneoverlegane i Lom og Skjåk kommunar organiserer dette. Meir informasjon om dette kjem seinare! Det er moglegheit for nødetater å passere Bybergtunnelen inntil vidare ved behov.

Oppdatert status kl. 16.30: ras i Nordberg

Det er bestemt evakuering av bebuarar frå Søre Skjåkødegård til og med Nigard Flækøy, til Skjåk turistheim. Alle bebuarar det gjeld har fått melding om evakuering.

Det er òg meldt inn til skyttervesenet om at det ikkje bør avviklast skytetrening på skytebana i ettermiddag for dei som skal dit. 

Oppdatert status kl. 15.50: ras i Nordberg

Skjåk kommune er i beredskap, og følgjer situasjonen og utviklinga i Nordberg kontinuerleg. Det blir arbeidd med kartlegging og tiltak i kriseleiinga nå. Politiet og brannmannskap er på er på staden. 

Oppdatert status kl. 1435: ras i Nordberg

Melding frå eigar på garden Lindsheim om leireras på garden. Det er prat om to separate ras i området.

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway