Ei skuleklasse må halde seg heime fredag 28. august

 

I ei av skuleklassene ved Skjåk barne- og ungdomskule har det i dag vore fleire elevar med fråvær på grunn av lette symptom på forkjølelse. For å sikre alle elevane lik undervisning og for hindre vidare smitte av forkjølelse er det avtalt av alle elevane i denne klassa skal ha heimeskule i morgon. Dei vil også få tilbod om å la seg teste mtp Covid19. Utover dette kan alle elevar og foreldre forhalde seg som normalt. Ingen av elevane eller deira husstandsmedlemmar er sett i karantene. 

(Dei føresette i den aktuelle klassa er varsla)

Det har ikkje vore nokon positive prøver for Covid19, og per nå er det ikkje mistanke om at nokon av elevane har vore eksponert for Covid19-smitte.

Viktig å hugse: Som alltid ber ein om at alle med symtpom på luftvegsinfeksjon held seg heime og melder seg for testing. 
 

Kontakt

Unnvald Bakke
Kommunalsjef Oppvekst og utdanning
Telefon 61 21 70 00
Mobil 971 12 074