Diverse koronainformasjon

  

Skjåkhallen

Kriseleiinga vedtok i går at Skjåkhallen skal haldast stengt framover. Det er ikkje kapasitet på reinhald til at den er open.

Arrangement

Ståk i Skjåk og Flækøyhøe UPP er avlyst

Bibliotek

Biblioteket opnar att 19. mai. Dei startar med desse opningstidene:

  • Tysdag 14-19
  • Onsdag 10-14
  • Torsdag 10-14

Dei fortset også ordninga med at du kan bestille og hente bokpakker utanfor biblioteket. Du kan også levere bøker i bokkassa. Viss smittesituasjonen er uendra, vil desse opningstidene vera gjeldande til etter skuleferien. 

Skyttarprøve

Prøve frå førre sesong vil vera gjeldande for inneværande sesong utan ny skyttarpørve. Fram til 15. juni er det ikkje mogleg å ta ny skyttarprøve, men truleg vil det bli  opning for å gjennomføre prøva til hausten (mest sannsynleg allereie etter 15. juni). Det betyr at det for kommande jegarar, utan tidlegare prøve, truleg vil få moglegheiter for å avlegge skyttarprøva før storviltjakta byrjar. Dei med tidlegare gjennomført prøve kan jakte som normalt. Lenke til Norsk jeger og fisk.

Nytt frå legekontoret

  • Gulleik Riksaasen, kommuneoverlegen i Vågå, vil vikariere som kommuneoverlege og smittevernlege frå 15. mai til 27. juli.