Den rådgjevande folkeavstemminga opnar i dag!

Har du adresse i Innlandet og fyller minst 16 år i løpet av 2022? Da kan du bli med på den rådgjevande folkeavstemminga frå i dag 10. februar.

Hovudspørsmålet i den rådgjevande folkeavstemminga er:

Meiner du at Innlandet fylkeskommune skal vidareførast eller delast? Du kan stemme digitalt frå 10. til 17. februar 2022. Dette gjer du via denne nettsida: (Grunna koronapandemien blir avstemminga kun digital)

Hjelp til dei som ikkje er digitale

Dei som ikkje har utstyr/kompetanse eller nokon som kan bistå deg, kan få rettleiing hjå:

  • Servicetorget Skjåk kommune 
    10/2 – 17/2 kl. 10 - 14
  • Skjåk folkebibliotek
    10/2 og 15/2 kl. 14 – 19

Dette er også annonsert i Fjuken 27/01-22.

Den rådgjevande stemma di er anonym

Sjølve avstemminga skjer på ei sikker plattform, og du er garantert at namnet ditt ikkje kan knytast til kva du stemmer.  

Har du spørsmål?

  • Ring Innlandet fylkeskommune:
    Supporttelefon: 400 21 227
    Måndag-fredag kl. 8-20
    Laurdag og sundag kl. 10-15
  • Eller send e-post til: stem@innlandetfylke.no

Logo Innlandet fylkeskommune - Klikk for stort bilde