Den positive folketalsutviklinga i Skjåk fortset

Hittil i år har folketalet i Skjåk auka med 13 personar. Det viser Statistisk sentralbyrå sin statistikk per andre kvartal 2019, som vart offentleggjort 20. august. Det er berre Skjåk av kommunane i Gudbrandsdalen som kan vise til auke.

Folketalsauke

Folketalet i Skjåk er nå 2217.  I 2018 auka innbyggjartalet i Skjåk med 25. Den positive folketalsauken fortset altså. Netto tilflytting så langt i år er 19 personar.

Vi har det utruleg godt i Skjåk

Det er fleire grunnar til den positive utviklinga. Å drive aktivt omdømmebygging er svært viktig. Skjåk har det meste på stell, og det gjev godt omdømme. Skjåk som merkevare har fått eit stort lyft gjennom nye etableringar og vidareutvikling av eksisterande verksemder. Det er stor positivitet og optimisme i bygda. I løpet av dei siste fire åra har vi fått meir enn 20 nyetableringar. Nye vekstmiljø er etablert. Skjåkverane snakkar varmt om bygda si. Kommunen leverer gode og stabile tenester. Dette blir lagt merke til. Vi har det utruleg godt i Skjåk, seier ordførar Elias Sperstad.

Ordførar i Skjåk, Elias Sperstad