Dagleg leiar i NGR

Er du den nye daglege leiaren for renovasjonselskapet NGR? Søknadsfrist: 2. desember, 2024.

Dagleg leiar

Vil du leie vår satsing innan miljø, renovasjon og sirkulærøkonomi?

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS (NGR) er eit interkommunalt renovasjonsselskap som er eigd av kommunane Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja. Selskapet har administrasjonen sin på Dovre.
NGR har som mål å sørgje for miljømessig, teknisk og økonomisk forsvarleg avfallsdeponering for eigarkommunane. Selskapet leverer òg tenester til næringslivet, besøkjande, hytter og fritidsbustader.
NGR har 35 engasjerte medarbeidarar og omset i 2024 for om lag 52 millionar kroner.

Klare mål frå styresmaktene i klima- og avfallspolitikken stiller strengare krav til renovasjonsselskapa, som må ruste seg for å møte desse krava. NGR er ein viktig del av eigarkommunane si satsing på klima- og miljøtiltak. Selskapet vil ha ei nøkkelrolle i kommunane sitt fokus på sirkulærøkonomi i åra framover.

NGR er difor i eit generasjonsskifte der ein går frå å vere eit tradisjonelt renovasjonsselskap til å bli ein aktiv aktør og pådrivar innan ressursgjenvinning og resirkulering. For å leie arbeidet med å vidareutvikle selskapet slik at vi når måla eigarane våre har sett, søkjer vi no:

Dagleg leiar

Som dagleg leiar vil du få varierte og spennande arbeidsoppgåver – både strategisk og operativt.

Dagleg leiar har overordna ansvar for å drifte og leie ein veldrive organisasjon på ein god måte. Du vil ha organisasjons- og personalansvar for 35 engasjerte og løysingsorienterte medarbeidarar med ulik kompetanse. Strategisk leiing, økonomistyring, utvikling og personalleiing vil difor vere viktige oppgåver. Det er òg viktig at du har god forståing for dei driftsmessige sidene av verksemda, med jamn involvering og dialog.

Leiing av utviklings- og omstillingsprosessar for å sikre gode og konkurransedyktige løysingar innan renovasjon, avfallshandtering og gjenvinning i tråd med selskapet sine strategiske mål, er ein sentral del av rolla som dagleg leiar. Kontinuerleg utvikling og forbetring av heile verdikjeda, lønsemds- og forbetringsprosessar, samt styrking av selskapet sin marknadsposisjon og omdømme, er også viktige oppgåver.

Eigarkommunane si klima- og miljøsatsing inneber ei aktiv pådrivarrolle i overgangen til sirkulærøkonomisk tankegang. Dette vil føre til nye investeringar og oppstart og gjennomføring av større og mindre prosjekt.

Som dagleg leiar vil du ha tett samarbeid med styret, utrede saker, fremje forslag og gjennomføre vedtak. I tillegg vil du jobbe mykje opp mot eksterne samarbeidspartnarar og ha ei sentral rolle i selskapet sitt informasjons- og kommunikasjonsarbeid.

Utdanning

  • Høgare utdanning innan relevante fagfelt er ein fordel
  • Manglande høgare utdanning kan kompenserast med relevant arbeidserfaring

Erfaring/kompetanse

  • Relevant leiarerfaring
  • Erfaring frå endringsleiing med kontinuerleg utvikling og forbetring i heile verdikjeda
  • Kjennskap til/erfaring frå sirkulærøkonomi, avfallshandtering eller kommunal sektor er ein fordel
  • Erfaring frå driftsorganisasjonar, produksjon, tekniske tenester eller tenesteytande verksemder
  • Erfaring med prosjektleiing er ein fordel
  • God økonomiforståing/-kompetanse
  • Grunnleggjande IT-kompetanse
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å inspirere, engasjere og få med dei tilsette
  • Evne til å jobbe både strategisk og operativt
  • Systematisk og løysingsorientert
  • Initiativrik pådrivar med evne til å ferdigstille prosjekt

Meir informasjon om NGR og verksemda vår finn du på nettsidene: ngr.no.

Søknadsprosess

NB: For å søke på denne stillinga, må du klikke her.

Kontakt gjerne styreleiar Ola Næprud, tlf. 917 12 073, eller ein av våre rådgivarar i Skagerak Consulting:

  • Jan S. Storstein, tlf. 950 09 444
  • Tom R. Gogstad, tlf. 951 75 241

 

Offentleg søkarliste

Som for alle offentlege stillingar, vil det bli laga ei offentleg søkarliste som opplyser om namn, kjønn, kommune og alder på søkarane. Det er mogleg å søkje om fritak frå lista, men krava er strenge.

Det er Skagerak Consulting AS som lyser ut denne stillinga på vegner av NGR. Skagerak Consulting AS tilbyr rådgjevingstenester for varig utvikling og forbetring i offentlege og private verksemder. Les meir på skc.no.