Bygging av omsorgs- og avlastingsbustader i Skamsargjeilen vart utsett - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Bygging av omsorgs- og avlastingsbustader i Skamsargjeilen vart utsett

Prosessen har kome så langt at det vil være svært uheldig å avbryte prosjektet, kommunen har difor utfordra arkitekten på å få ned kostnadane. Skamsargjeilen har ikkje god nok kapasitet, og er heller ikkje utforma slik at vi får utnytta ressursane optimalt. Flytting frå Skamsargjeilen er planlagt i juni, og både bebuarar, foreldre, verjer, pårørande og dei tilsette er involvert i prosessen og klare for flytting.

Skamsargjeilen Fjuken v/Vigids Kroken

Skamsargjeilen

Skjåk Kommunestyret vedtok i sak 80/17 å gå for bygging av nye HFF-bustader/avlastningsplassar slik det låg føre i forprosjektet, med målsetting om oppstart av byggearbeida i løpet av våren 2018 og med ferdigstilling våren 2019.

Anbod på 9 millionar over kalkyle

Anbodsfrist på HFF-bustadar var sett til 17.04.2018 og det kom inn fire tilbod. Samtlige tilbodsprisar ligg vesentleg over kalkulasjon i forprosjektet. Ut i frå førebelse utrekningar, ser det ut til at totalkostnaden for prosjektet ligg på ca kr 40 mill inkl mva, medan kalkulerte prosjektkostnader var stipulert til ca. 31 mill inkl mva.
 
Vedtak i Formannskapet - 26.04.2018
Prosjektet blir avlyst slik det ligg føre. Arkitekten får i oppdrag å finne alternative og  billigare løysingar for bygget som grunnlag for ny anbodsrunde. Finansiering av prosjektet kjem opp som eiga løyvingssak i 2018.
 
Samrøystes