Bli med skjåkcacherane på geocaching i helga!

Geocaching i Skjåk Adobe Stock Photo  

Skjåkcacherane er ein ivrig gjeng som brenn for hobbyen sin!

I helga frå den 26.-28. august skal det arrangerast ikkje mindre enn 4 event (les: geocashing arrangement) i Skjåk. Det kjem folk frå fjern og nær for å delta på opplegget. Kanskje dette kan vere noko for deg og? Dersom du ikkje kan så mykje om geocashing så er det mange som kan gje eit lynkurs i denne spennande hobbyen på desse arrangementa.

Ta deg ein tur på eitt, fleire eller alle arrangementa:

  • Fredag 26. aug  kl 20.00-21.00: Augustkveld ved Bångråttjønne. (GC9QE8A) Varm grill og servering av kaffe og kake. Sosialt samver.
  • Laurdag 27. aug kl 18.30-19.30: Glasopor 3. Ofossen Mølle (GC9Q5D5). Opprydding av glasopor som reiste i flaumen i 2018.
  • Laurdag 27. aug kl 20.00-21.00: Etter Cito. Sosialt samver på Dønfoss grendehus.
  • Sundag 28. aug kl 09.00-11.00 : Frukost event i Dønfoss grendehus (GC9Q6FR). Mat og prat

Kontaktperson: Torgrim Rusten telefon: 480 09 844