Bli med på Ståk i Skjåk 1. juni

Ståk i Skjåk 2019

Målet er at alle – både eigne innbyggjarar og tilreisande, unge som gamle - skal finne noko interessant å delta på. Anten som seljar på stand eller som publikum.

Denne marknaden har vore ein flott tradisjon i mange år. Målet er at handelstand, anna næringsliv, samt lag og foreiningar får moglegheit til å vise seg fram og syne kva bygda har å by på. Med andre ord: Lage ein folkefest i Skjåk.

Arrangementet har som regel eit kulturelt tilsnitt - og paraden med barn som går med dukkevogn eller køyrer leikebil eller leiketraktor er eit av høgdepunkta. Motbakkeløpet  Flækøyhøe Upp er også ein del av arrangementet denne dagen. Sjå arrangement på facebook her!

Vil du ha stand på Ståk i Skjåk. Påmelding aktivitet/stand finn du her:

  • E-post: astgjert@online.no
    Tlf: 476 56 351

eller

  • E-post: info@skjaak.kommune.no
    Tlf: 909 41 702