Bismo barnehage samla inn totalt kr 6300.-

Det er tredje året på rad at Bismo barnehage deltek på FORUT sitt prosjekt " Barn hjelper barn".

  

Foreldrekafè for FORUT

FORUT er ein bistandsorganisasjon som arbeider kontinuerleg for at barn i India, Nepal, Sri Lanka, Sierra Leone, Malawi og Zambia skal få eit betre liv.

Gjennom forteljingar og filmar har dei eldste i barnehagen fulgt Nanah på 5 år og familien hennar i Sierra Leone. Som avslutning på dette arbeidet arrangerte dei i går foreldrekafe med innsamlingsaksjon, der pengane går til FORUT sitt arbeid. 

Det var mellom anna sal av mørelefser som barna hadde baka, eigenprodusert rips- og solbærsaft, kunstutstilling og matrettar frå 5 ulike kulturar. Maten var det fleire foreldre som hadde stått for, og her var det mykje godt å velje mellom. 

Her er fleire bilete:

Kontakt

Mogunn Synstnes
Styrar Holemork og Bismo barnehage
Mobil 482 92 406