Bestandsplan og forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 2024-2026

Bestandsplan og forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 2024-2026 er vedteke for Skjåk kommune.

Bestandsplan og forvaltningsplan for elg, hjort og rådyr 

Dei to valda i Skjåk kommune har laga ein bestandsplan som legg opp til gode løysingar for å nå måla i den kommunale forvaltningsplanen.

Elg

Mål - stabil bestand med eit jaktuttak på 45-65 elg pr år. Det er gjort ei vurdering av elgbestandens storleik på grunnlag av ulike indeksar. Konklusjonen er at bestanden er redusert, men at det er noko usikkerheit rundt kor langt ned ein har kome. For å nå målet om ein redusert vinterstamme er det lagt opp til ei auke i ku-/ukseforholdet. Ein mindre vinterstamme vil truleg også føre til færre påkjørslar. I bestandsplanen er det lagt opp til eit uttak av 85 elg pr år. Avskytingsmodellen legg opp til ein stor andel småukse i uttaket, medan gode produksjonsdyr blir skjerma. Produksjonen kan bli opprettheldt med ein langt mindre vinterstamme om kondisjonen og produktiviteten til dyra er større.

 Hjort

Mål - stabil bestand med eit jaktuttak på 135-175 hjort pr år. Vårteljing på innmark syner at hjortestamma vart noko redusert i førre periode. Sett-hjortdata syner ikkje same trenden, men dette kan kanskje delvis skuldast endring i registreringsmetodikk og bruk av andre hjelpemiddel (termisk). Hjortebestanden i Skjåk blir truleg sterkt påverka av migrasjon. Målet er å redusere hjortestammen ytterlegare. Bestandsplanen legg opp til ein avskytingsmodell som gjer det enkelt for jegerane å kunne felle hjort (t.d. kategorien kalv/ungdyr/8 taggar). Høgt uttak av vaksen hind må også til om ein skal klare å redusere hjortestamma. Det kan vera utfordrande å få til i og med at ein alltid skal skyte kalven før mordyret og at det ikkje er alltid ein greier å skyte båe. Bestandsplanen legg opp til å spare store bukkar, slik at ein får fleire attraktive brunstområde og betre fordeling av hjorten utover i kommunen i ein større del av jakta. God fordeling av dyra vil bidra til meir effektiv avskyting. I bestandsplanen har ein eit mål om å auke avskytinga av hjort til 215 dyr årleg. I førre periode klarte ein 195 dyr årleg (i snitt).

Rådyr

 Kvotene det er søkt om for neste periode er lik som i førre periode. Fellingsstatistikken tyder at rådyrbestanden i Skjåk har hatt positiv utvikling den siste perioden. Erfaring frå fellingstala på rådyr kan tyde på at redusert bestand fører til mindre interesse for rådyrjakt og lågare fellingsprosent. Snømengde og innslag av gaupe er andre faktorar som påverkar rådyrbestanden. Det blir gjeve 110 fellingsløyve på rådyr årleg, fellingsprosenten har i snitt vore på 40 %.

Godkjent bestandsplan og godkjent forvaltningsplan ligg vedlagt. Saksprotokoll for møta i utval for vilt og fisk der desse planane er vedteke ligg også vedlagt.

vedlegg:

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145