Barnehagekapasitet til ny behandling i kommunestyret Fleirtalet i formannskapet vil at kommunestyret skal behandle saka som gjeld barnehagekapasiteten i kommunen på nytt. Til dagens formannskapsmøte hadde administrasjonen utarbeidd eit notat til drøfting, der ulike alternativ for å auke kapasiteten var utgreidde. Rådmannen sin konklusjon i notatet er at det beste alternativet er å få på plass eit modulbygg ved Bismo barnehage så snart som råd. Publisert 22.05.2018 15.35 Sist endret 12.05.2023 12.47