Avlysing av samlinga 30.5. og ny rigging av prosjektet:

Avlyst samling 2 - for reiselivs- og opplevelsesbedriftene i Skjåk. Les meir i artikkel under.

Avlysing av samlinga 30.5. og ny rigging av prosjektet:

Det visar seg at det er krevjande å samlast for tida, og den andre samlinga som var planlagt i morgon torsdag 30.5. er difor avlyst.

Vi er fleksible og gjer i staden om prosjektet og riggar det litt annleis.

Det vil bli invitert inn til ei ny fagleg og sosial samling for aktørane i august/september. Dato/sted kommer vi attende til.

Vi har allereie fått verdifulle innspel frå fyrste samling og spørjeundersøkinga og vil nå i juni ta kontakt med mange av dykk for individuelle samtalar og innspel. Dette vil vi samle, koordinere og presentere for dykk på samlinga i aug/sept. Saman med dei siste innspel frå denne andre samlinga, blir da dette ein sluttrapport for forprosjektet for reiselivet i Skjåk. Den vil m.a. innehalde ein kartlegging og presentere moglege vegar vidare for reiselivs- og opplevingsbransjen i Skjåk.

Vi holdar spørjeundersøkinga open ei veke til – og vil oppmode de som ikkje allereie har svart, til å svare på undersøkinga. Det er viktig at nett du og dykkar bedrift sin stemme blir høyrt.

Linken til spørjeundersøkinga:
https://no.surveymonkey.com/r/5RK8VF7

 På forhand – tusen takk-😊

Kontakt

Sølvi Lemstad Hiller
Næringssjef
Mobil 911 14 550