17. mars er Gudbrandsdalsostens dag

   Lenge leve G35! Onsdag 17. mars 2021 var det ti år sidan styret i TINE vedtok å halde fram brunostproduksjonen ved meieriet Tine Lom og Skjåk. Dette skal nå bli ei årleg markering. (Det er flere som produserer brunost i Norge, men det er TINE Lom og Skjåk som har den originale og den beste Gudbrandsdalsosten.)

17 mars! Gudbrandsdalsostens dag - markert for fyrste gong i dag.

Både i Lom og Skjåk fekk alle skuleelevar i dag servert kvar si matpakke, beståande av brød frå Bakeriet i Lom. TINE kom med brunost (raudost), smør og mjølk. Skuleelevane fekk alle også med seg ein kvartkilos raudost heim frå ysteriet, og nye fine sitteunderlag frå Sparebank 1 Lom og Skjåk.  Det vart smurd 1.000 kakuskiver på skulekjøkenet ved Skjåk barne- og ungdomsskule. 

Ein stor takk til Sparebank 1 Lom og Skjåk, Bakeriet i Lom,Lom kommune og TINE for samarbeidet.

Her er nokre glimt frå dagen!