Brannsjef Atle Festervoll vart takka av 22. april!
Leiar i Felles folkevald nemd for Lom og Skjåk brannvesen, Kristian Frisvold, takka brannsjef Atle Festervoll for hans engasjement i Lom og Skjåk brannvesen.
Møte i Felles folkevald nemd for Lom og Skjåk brannvesen 22. april
På møtet i Felles folkevald nemd for Lom og Skjåk brannvesen vart brannsjef Atle Festervoll takka av for hans engasjement i Lom og Skjåk brannvesen. Leiar i Felles folkevaldnemd for Lom og Skjåk brannvesen, Kristian Frisvold overrekt ein fin blomsterbukett til Atle for hans innsats i Lom og Skjåk brannvesen gjennom mange år. Atle har sin siste dag som brannsjef 1. mai.
Skjåk kommune
På møtet i går var det også ei orientering om arbeidet i den Nasjonale arbeidsgruppen for framtidas brann- og redningsvesen, der Atle Festervoll var ein av ni utvalde medlemmar. Kristian Frisvold seier at dette understrekar den anerkjenninga og tilliten Atle også har oppnådd på nasjonalt nivå, og det viser også kor engasjert han er i å utvikle brann- og redningsvesenet (lokalt og nasjonalt). Vidare vart det informert om bygginga av den nye mannskapsbilen til Lom og Skjåk brannvesen. Dette er eit viktig steg for å styrke beredskapen i distriktet og at vi har tilstrekkeleg og moderne utstyr.
Skjåk kommune
Skjåk kommune
Sist endret 24.04.2024 09.26