Song og korOm Song og korIndividuell songopplæring for elevar frå 1. klasse og oppover. Stemmebruk og songteknikk. Her vil du og få opplæring innan musikkteori, så som note- og rytmeinnlæring samt teori og omgrep du treng for å utvikle deg som songar. Å delta i vokalgrupper, kor og samspel med andre er ein viktig del av tilbodet. Elevar på songopplæring er automatisk med i barne- og ungdomskoret, da dette er ein del av deira heilskaplege undervisning.Undervisning blir gjeve i Lom og Skjåk. Søk deg inn på songopplæring her:Påmelding SONG SongopplæringProgrammet har opptak for elevar som ynskjer å få allsidig songopplæring . Dette er ein prosess som krev tid, motivasjon og øving heime. Elevane vil få opplæring både individuelt og i vokalgrupper og ungdomskor. Undervisninga krev tett samarbeid mellom heim-skule i høve musikalsk utvikling, framdrift og eigenøving. KorBarnekoret er ope for alle elevar frå 1. - 7. klasse som ynskjer å vera med i eit kor. Ungdomskor er for 8. klasse til og med vidaregåande. Koret har eigen timeplan og vil ha eit variert repertoar. Du vil og få opplæring innan stemmebruk, songteknikk , aktiv lytting og musikkteori som du treng for å utvikle deg som songar i eit kor.UndervisningsplanarLenke til Nasjonale fagplanar. Sjå kapittel 3 - Fagplanene".Lokal læreplan for song. (PDF, 77 kB) Sist endret 03.05.2024 10.42