Feiing og tilsyn av fyringsanlegg Arbeidet til feiaren tradisjonell feiing av piper og kontroll av fyringsanlegg tilsyn i bustadar feiing og tilsyn i hyttar, setrar og fritidsbustader. I Lom og Skjåk er det innført behovsprøvd feiing. Dette betyr at all feiing og tilsyn nå blir utført etter risikovurdering av kvart fyringsanlegg. I 2017 vart det innført feiing og tilsyn på hyttar, setrar og fritidsbustader. Hugs før feiing: Steng feielukar og spjeld Klargjer stige til tak Kontroller takstige/ taktrinn Varsel om feiing og tilsyn vil bli gjeve med melding vis sms. I varselet vil du vil få ein link, og der kan du bekrefte eller si om tidspunket ikkje passar. Tilsyn Tilsyn med fyringsanlegg er ein kontroll av om anlegget er intakt, verkar som føresett og er tilfredstillande sikra mot brann eller anna skade. I tillegg blir det utført kontroll av røykvarslare, sløkkemidlar og anna som er av betydning for branntryggleiken. Med fyringsanlegg meinar vi varmeprodusesrande einheit (for eksempel omn eller fyrkjel) saman med røykkanal (røykrøyr og skorstein) og evt. matesystem for brensel. At fyringsanlegg er intakt betyr at det er utan skade og utført i medhald til gjeldande regelverk. At det verkar som føresett beytr at det er god forbrenning, at energien blir utnytta effektivt og at røyken blir leda ut av huset på ein tilfredstillande måte. Tilsyn med fyringanlegg skal utførast etter behov. Undersøkingar syner at dei fleste brannar som oppstår i forbindelse med fyringsanlegg skuldast feil bruk eller skadar og feilmonteringar. Utrifrå dette er tilsyn med fyringsanlegg ein stadig aukande del i feietenestas totale ressursforbruk. Tilsyn skal utførast etter behov, men foreløpig minst utførast kvart 8. år. I tillegg til kontroll av sjølve fyringsanlegget, skal tilsynet omfatte informasjons- og motivasjonstiltak. Tilsynet er ei god anlednings til å prate med feiaren om fyring og brannvern i bustaden. Feieavgift Feieavgift blir vedteke av kommunestyret i den respektive kommuna. Den er den enkelte kommune som krev inn feieavgifta. Ein bustadeigar kan krevje fritak for avgift dersom eldstaden er fråkopla og røyrinnføringsholet er attmura. Eldstaden kan plomberast av feiaren. Det er utarbeidd eige lokal forskrift om feiing Lom og Skjåk. Endring eller ny skorstein Dette er søknadspliktig tiltak etter plan og bygningsloven, kontakt kommuna. Ved installering av ny eldstad (PDF, 127 kB) skal denne meldast inn til feiarvesenet. Sist endret 29.12.2022 08.34