Bålbrenning

I Skjåk har vi eigen forskrift om open brenning og brenning av avfall. Open brenning er all brenning som skjer utandørs.

Bålforbod

Fra 15. april til 15. september er det et generelt forbud mot bålbrenning i eller i nærleiken av skog og mark.

Unntak frå forbodet

Brannvernlova opnar likevel for unntak for forbodet dersom det er openbart at brann ikkje kan oppstå eller lokal forskrift tilet dette på bakgrunn av lokale forhald.

Alle pliktar å vise aktsemd!

Alle pliktar å vise aktsemd ved aktivitetar som kan føre til brann. Dette gjeld HEILE ÅRET!
Tenner du bål, har du alt ansvar!

Lokal forskrift

Kommunestyret i Skjåk har vedteke lokal forskrift om open brenning og brenning av avfall i Skjåk kommune.

Les Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Følgjande brenning er tillate når det ikkje er brannfare eller fare/ulempe for folk som bur eller ferdast i området:

  • Open brenning på grillar for matlaging, utepeisar og kaffibål, dersom det openbart ikkje kan medføre brann.
  • Sankthansbål og olsokbål utanfor tettbygt strok, under føresetnad at det vert brukt reint og tørt trevirke og det openbart ikkje kan medføre brann
  • Brenning av avfallstrevirke i vedomn, med unnatak av impregnert og malt og overflatebehandla trevirke
  • Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygt strok i tidsrommet 15. september til 15. april og det openbart ikkje kan medføre brann.
  • Ranke- og flatebrenning i skogbruket utanfor tettbygd strok i tidsrommet 15. september til 15. april og det openbart ikkje kan medføre brann.
  • Halmbrenning og kvistbrenning i jordbruket utanfor tettbygd strok i tidsrommet 15. september til 15. april og det openbart ikkje kan medføre brann.
  • Brenning av tjæremiler i tidsrommet 15. september til 15. april og det openbart ikkje kan medføre brann. Slik brenning skal ikkje skje i nærleiken bustader, fritidshus mv. Nye tjæremiler er søknadspliktige til kommunen.
  • Brannøvingar i regi av Lom og Skjåk brannvesen

 

For bålbrenning som ikkje er omfatta av eit av desse unntaka må det søkjast om løyve frå Skjåk kommune.

Skal du brenne eit større bål, meld frå til Lom og Skjåk brannvesen sin vakttelefon 958 89 944 (Ring, ikkje send sms på denne)

Den som ved uaksom bålbrenning gjer seg skuldig i at brannvesenet må rykke ut vil bli halden økonomisk ansvarleg for utrykkinga.

Kontakt

Bjørn Bøye
Brannsjef Lom og Skjåk brannvesen
Mobil 468 21 863
Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway