Kan eg få startlån og tilskot?
Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad og som heller ikkje har moglegheit for å spare.
Barnefamiliar
- Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad.
- Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
- Du har problem med å dekke bu-utgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden.
Mottar trygd/ offentlege ytingar
- Du har lav, men stabil og sikker inntekt, og får ikkje tilstrekkeleg lån i vanlege bankar.
- Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
Bustadlåntakarar med gjelds-problem
- Du har bustadgjeld og annan gjeld med høg rente og står i fare for å miste bustaden ved tvangssal.
- Du klarer ikkje å betene noverande gjeld, men kan dekke utgiftene og behalde bustaden dersom låna refinansierast med startlån.
Andre
- Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og manglar ein eigna bustad.
- Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
- Startlån til kjøp eller refinansiering er nødvendig for å kunne oppretthalde ditt arbeidsforhold.
- Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
Unge i etablerings-fasen er ikke i målgruppen
- Er du ungdom og manglar eigenkapital, er du ikkje i målgruppa for startlån.
- Det forutsett at du utnytter dine moglegheiter for å spare opp nødvendig eigenkapital og søker lån i vanleg bank.
Sjå om du er i ein av dei andre målgruppene.
Regelverk
Forskrift om startlån frå Husbanken
Søk startlån og tilskot. Alle må søke elektronisk
Sist endret 24.06.2020 11.25