Økonomisk sosialhjelp - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Økonomisk sosialhjelp

Alle har rett til å søkje om økonomisk sosialhjelp og få vurdert behovet sitt.

Du må i utgangspunktet ha lovleg opphald i Noreg for å ha rett til økonomisk sosialhjelp. Du har ikkje rett til økonomisk sosialhjelp dersom du oppheld deg i utlandet.

Når alle andre inntektsmoglegheiter er utnytta fullt ut, men ikkje strekk til, kan du ha rett til økonomisk sosialhjelp. Andre inntektsmoglegheiter kan vere inntektsgjevande arbeid, eigne midlar og andre økonomiske rettar.

Du har rett til opplysning, råd og rettleiing frå NAV uavhengig av om du har rett til økonomisk sosialhjelp.

Er du i ein naudssituasjon? Hjelp i ein naudssituasjon skal dekkje heilt nødvendige utgifter for ein kort periode. Det kan for eksempel vere støtte til:

  • mat
  • reisekostnader
  • rekningar som du må betale for å hindre at nødvendige tenester som straum eller liknande blir stengt
  • boutgifter
     

Du kan søkje skriftleg ved å bruke søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp dersom du treng hjelp i ein naudssituasjon (naudhjelp).

Klikk her for å lese meir om økonomisk sosialhjelp, og for å sende søknad.