Viltforvaltning Elias Sperstad I Skjåk er utval for vilt og fisk delegert mange av oppgåvene innan viltforvaltning, mellom anna tildeling av fellingsløyver på elg, hjort og rådyr. Skjåk kommune er inndelt i 2 godkjente vald: VALD 1: Skjåk Almenning. Teljande areal 217.000 dekar VALD 2: Skjåk Utmarksråd. Teljande areal 67.830 dekar Jaktrettshavarane i Skjåk samarbeider om ein felles bestandsplan og får normalt tildelt fellingsløyver for tre år. Tildelinga er overordna regulert gjennom minsteareal (areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr). Areal som skal til for å få fellingsløyve på eit dyr. Hele/deler av kommunen Elg minsteareal daa Hjort minsteareal daa Rådyr minsteareal daa Skjåk Almenning 3500 4000 4500 Skjåk Utmarksråd 2000 1000 1500 Dei siste åra har det vore felt over 100 elg og 100 hjort og i underkant av 50 rådyr. Sist endret 14.10.2020 13.20