Ny renovasjonsordning for 2025I 2025 startar NGR med kjeldesortering. Her kjem informasjon knytt til dette. Kontakt NGR eller servicetorget om du har spørsmål knytt til ordninga. Spørsmål og svar - NY renovasjonsordning 2025 Kva er nytt? Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal.Alle abonnentar vil i haust få utlevert to (2) dunkar. 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall.Viktig: Ordninga med grå NGR-sekkar for restavfall går dermed ut.Viktig: Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til bruk for 2025. Treng du nye sekkar for hausten 2024 ta kontakt med Servicetorget på telefon 61 21 70 00 eller kom innom i opningstida Måndag-Fredag kl. 09.00-15.00Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag.Frå 2025 blir det ikkje mogleg å levere (gamle) NGR sekkar med restavfall på henteruta, men dei gamle sekkane skal kunne brukast til å levere restavfall på miljøstasjonane ut 2026. Henteplan/kalender - januar og februar 2025 Her kan du sjå henteplan for januar og februar 2025. Pdf finn du herHenteplan for januar og februar 2025 NGR Hentekalender NGR 2025 Hentekalender NGR 2025Frå og med 01.01.2025 blir det ny ordning for å halde styr på tømmedagane dine. (Du kan laste ned instruksjon for appen i pdf-versjon (PDF, 4 MB))NGR går bort frå utsending av trykte hentekalendrar, og vil frå og med årsskiftet kommunisere rutene våre gjennom ei digital løysning. Det vil vera fleire måtar å finne dine tømmedagar på, men vi anbefaler alle å nytte seg av appen "Min Renovasjon". Her kan du velja å setja på varsling, og vil slik få ei påminning til dømes dagen før vi køyrer ruter heime hjå deg. Nyttar du appen vil du vera heilt sikker på at du alltid får rett informasjon, og at du fangar opp eventuelle endringar i rutene. Vi vil og ha ein hentekalender med søkjefelt på "nye" ngr.no Her kan du velja å laste han ned, og skrive han ut om du ynskjer det. Men du bør vera merksam på at rutene kan bli endra i løpet av året.Ny heimeside med søkbar hentekalender Min Renovasjon blir klar før heimesida. Ny heimeside med søkbar hentekalender vil mest truleg diverre ikkje sleppast før over nyttår, men appen "Min renovasjon" vil vera i drift i løpet av dei siste vekene fram mot jul. Du kan allereie no laste han ned, men du vil ikkje få opp informasjon om di kommune og adresse før vi har alle data klare i våre system. Vi vil sende ut ei melding på SMS når Min Renovasjon er i full drift for regionen vår. Andre kanalar for info om tømmedagOm du ikkje har smarttelefon kan du tinge SMS-varsling dagen før henting i nettkalenderen når dei nye heimesidene våre kjem opp.Har du ikkje høve til å skrive ut kalenderen, men likevel ønskjer deg noko å hengje opp, kan du kontakte oss for å få ei utskrift sendt til deg i posten. Vi kjem sannsynlegvis til å måtte justere rutene våre utover året, så vi sender ikkje ut for meir enn to månader om gongen.--------------------------------Matavfall vil bli henta kvar 2. veke.Restavfall vil bli henta kvar 4. veke. NGR Avfallsdunkar Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall: NB: har du ikkje fått avfallsdunk(ar) bruk sekk inntil vidare. Kontakt servicetorget for restavfallsekk.Alle abonnentar vil få 1 dunk til matavfall og 1 dunk til restavfall.Dunken til matavfall er på 140L og har grønt lokkDunken til restavfall har lokk i mørk grå farge (same farge som dunken).Storleiken på dunken til restavfall vil følgje gebyrgruppa som abonnenten har valt. Abonnentar med standardgebyr vil få ein dunk på 240L, abonnentar med minstegebyr vil få ein dunk på 140L, og abonnentar med utvida gebyr får ein dunk på 360L.Saman med dunkane vil abonnentane få utdelt ein rull med posar til matsortering og ein rull med blanke plastsekkar til oppsamling av hushaldsplast Om å dele på Avfallsdunkar Om å dele på avfallsdunkarTo eller fleire abonnentar kan bruke felles dunkar der det er naturleg. I fellesløysingar vil vi nytte konteinarar som gir like stort eller litt større volum enn det abonnentane får kvar for seg. Sjølv med fellesløysing må alle minimum betale minsteabonnementet (gruppe B) (PDF, 4 MB).Fylgjande dunkar er aktuelle ved fellesløysingar:360 L (t.d. to minsteabonnement)660 L1000 L Dunkane på 660 L og 1000 L har låsbare hjul og står relativt godt. Ordning med fellesdunkar føreset at det er plass til større dunkar der avfallet blir henta, men ein har for så vidt tilsvarande utfordring med plass til mange små dunkar.Matavfall er tungt, så her vil det bli brukt dunkar på 140L også ved fellesløysingar. Ta kontakt med kommunen din dersom du ønskjer felles dunk. HUSHALDSPLAST: - Plastsekkar for hushaldsplast Ordninga med blanke plastsekkar for hushaldsplast held fram som i dag. MATAVFALL: Rettleiar for sortering av matavfall Sorteringsveileder for matavfallLes under eller last ned ny folder vedlagt (PDF, 1011 kB)NB: Ein kan hente seg nye poser for matavfall på miljøstasjonane. (her kjem det fleire alternativ etterkvart) RESTAVFALL: Rettleiar for sortering av restavfall Restavfallet er det som blir att når du har sortert ut matavfall og ren plast. Er du usikker på om noko kan bli sortert, søk og sjekk om du kan kjeldesortere det du vil kaste.Typiske ting du sorterer som RestavfallStøvsugarpose, Bleier, Sugerør, Q-tips, Tyggegummi, Snus, Blandingsemballasje, Tilgriset emballasje, osvTypiske ting du ikkje sorterer som RestavfallSmåelektronikk, Måling, Syltetøyglas, Sprayboks, Brukbare klede, Småbatteri, Matemballasje, osvDunken til restavfall har lokk i mørk grå farge, same farge som dunken. (Dunken til matavfall er på 140L og har grønt lokk). Det som er for stort til å kaste i restavfall heime, leverer du til miljøstasjon.Meir om restavfall finn du på NGR.no eller sortere.no Heimekompostering (m/søknadsskjema) Avtale om heimekompostering - søknadsskjemaDet er no mogleg å få avtale om heimekompostering. Dei som ynskjer ei slik avtale må fylle ut vedlagte søknadsskjema og sende det til Skjåk kommune. Saman med søknadsskjemaet skal ein sende inn tre bilete og kartplassering av kompostløysinga. Godkjent avtale om heimekompostering gir kr 475,- i rabatt på årleg renovasjonsavgift.Les eller last ned Søknadsskjema heimekompostering (PDF, 52 kB)Les meir om renovasjonsordninga i 2025 Abonnementsgrupper 2025 Gruppe A, normal sats:240L dunk til restavfall140L dunk til matavfall Gruppe B, låg sats:140L dunk til restavfall140L dunk til matavfall Gruppe C, høg sats:360L dunk til restavfall140L dunk til matavfallAbonnentane vil få utdelt dunkar tilsvarande det abonnementet ein står registrert med (i 2024). Det vil bli høve til å bytte abonnementsgruppe slik som kommunane praktiserer det i dag. NGR vil då bytte dunken for restavfall. Om køyreruter, plassering av dunkar, mm Krav til vegstandard, oppstillingsplass for dunkar, mm., blir beskrive i revidert renovasjonsforskrift. NGR vil stort sett køyre henteruter langs dei vegane som blir køyrde i dag. Det vil likevel bli fokus på å effektivisere rutene, spesielt i område der det er lange køyreavstandar og få abonnentar. Det vil også bli lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø for renovatørane.Dunkane kan stå permanent på henteplassen eller abonnenten kan trille dei ut på hentedagen. På hentedagen skal avfall vere klart til henting kl. 07.00. Sekkar og dunkar plasserast på eit plant underlag. Handtak på dunkane skal vende mot renovatørane. Abonnentane fjernar hindringar, brøyter snø og strør glatt underlag ved behov. Renovatøren skal kunne trille dunkane fram til bilen utan hinder, betydelege høgdeforskjellar eller tersklar/trinn. Med hinder meinast t.d. grøfter, grinder og trapper. Med tersklar meinast høgdeforskjellar over 10 cm.Henteavstand for dunkar skal vere maks 5 meter, målt frå ytterkant veg eller ytterkant fortau. Hytterenovasjon For hytterenovasjon gjeld framleis ei bringeordning der hytteeigarar leverer papp/papir, glas- og metallemballasje frå mat- og drikkevarer og restavfall til sjølvbetjente returpunkt. Hytteeigarar kan også bruke miljøstasjonane og levere avfall her på same vilkår som fastbuande.Frå 2025 vil det bli etablert tilbod om utvida kjeldesortering i hytteområde av nokon storleik. Her vil ein kunne levere matavfall og plastemballasje til utplasserte behaldarar. Har du hytte i Aurmoen og området rundt Felleskjøpet? Les her! Har du hytte i Aurmoen og området rundt Felleskjøpet så er det konteinar for hytteavfall ved Ånstad. Se kartutsnitt vedlagt.Kart med avfallskonteinar kartutsnitt Ånstad Rettleiar for bygging av leskur (til avfallsdunkar) NGR har utforma ein rettleiar for bygging av leskur til dei nye avfallsdunkane.Last ned rettleiar (PDF, 108 kB) Skjermdump frå NGR Eg treng ny rull med restavfallssekk nå i 2024 Det vil ikkje bli distribuert grå sekkar til bruk for 2025. Treng du nye sekkar nå for hausten 2024 ta kontakt med Servicetorget på telefon 61 21 70 00 eller kom innom i opningstida Måndag-Fredag kl. 09.00-15.00, eller det kan kjøpast på miljøstasjonen (på onsdagar frå kl. 12-18)1 rull med 12 sekker koster kr. 900,- (inkl. mva). (Desse kan brukast på miljøstasjonen ut 2026). Kontaktinformasjon Kontakt Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap IKS, Telefon: 61 24 21 00 eller E-post: post@ngr.noSkjåk kommune: kontakt servicetorget på telefon 61 21 70 00 eller E-post post@skjaak.kommune.no Kommunale gebyr -Renovasjon 2025 Sjå vedlagt pdf for oversikt på kommunale gebyr for renovasjon (PDF, 4 MB)Abonnementsgruppene er slik:Gruppe A: Normal sats, standardgebyr: 240 liter dunk til restavfall + 12 sekker til plastavfallGruppe B: Lav sats, minstegebyr: 140 liter dunk til restavfall + 12 sekker til plastavfallGruppe C: Høy sats: 360 liter dunk til restavfall + 12 sekker til plastavfall Alle abonnentar får ein 140 liter dunk til matavfall (grønt lokk).Ved heimekompostering kan ein søke kommunen om fritak for matavfallsdunken.Hytte og fritidshus:Gruppe 0: Gebyrfritak ved hytte/bu mindre enn 12 m2 og/eller meir enn 1,5 km frå bilvegGruppe 1: Hytte/bu med heilt enkel standard (areal mindre enn 30 m2)Gruppe 2: Hytte med enkel standard (hytter som ikkje kjem i gruppe 0, 1 eller 3)Gruppe 3: Hytte med høg standard (over 50 m2, innlagt vatn og avløp, straum og nær heilårsveg)Gebyra blir lagt til når det føreligg mellombels bruksløyve eller ferdigattest. Skjermdump frå fil Sist endret 20.12.2024 09.36
Hentekalender NGR 2025 Frå og med 01.01.2025 blir det ny ordning for å halde styr på tømmedagane. NGR går bort frå utsending av trykte hentekalendrar, og vil frå og med årss...
Viktig melding frå Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap Frå 1. januar 2025 skal det brukast dunkar for oppsamling av matavfall og restavfall i alle dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdal, og NGR startar nå med ...
Informasjon knytt til kjeldesortering frå NGR I 2025 startar NGR med kjeldesortering. Her kjem litt informasjon knytt til dette.