Miljøstasjonen i Skjåk

Miljøstasjonen i Skjåk

Gjenvinnbart avfall bør sorterast ut og leverast til gjenvinning. Dersom du sorterer ut alt gjenvinnbart avfall, får du mindre restavfall og kan kanskje klare deg med eit minsteabonnement på 24 sekkar pr. år.  Farleg avfall skal sorterast ut, og ikkje leverast i restavfallet. 

Lenke til Opningstider for miljøstasjonen i Skjåk

Dersom du sorterer avfallet ditt, kan du få levert det meste av gjenvinnbart avfall og farleg avfall gratis til miljøstasjonen (gjeld hushaldningar). Også bedrifter kan levere avfall hit mot betaling.

Sortert avfall som kan leverast gratis* til miljøstasjonen:

*) gratis for husstandane (tenesten er allereie betalt gjennom det kommunale renovasjonsgebyret)
Bedriftene betaler etter eigne satsar: sjå www.ngr.no (bedriftene er ikkje pålagt kommunalt renovasjonsgebyr. Dette kan du levere!

NGR

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap er eit interkommunalt renovasjonsselskap for mellom anna Skjåk. Restavfallet blir henta annakvar veke heile året. Papir og papp blir henta 4 gongar pr. år. Sjå eksterne lenker for meir informasjon. Plast- og restavfallssekk kan du også få hjå Servicetorget. Plastsekkene er gratis.

Sjå og/eller last ned Hentekalender for Lom og Skjåk her!

Prisar

Det er 3 gebyrgrupper, basert på antal restavfallssekkar som blir utlevert. Sjå priser i gebyroversikten.

  • Gruppe A: Normal sats, standardgebyr, 36 sekker til restavfall + 12 sekker til plastavfall. 
  • Gruppe B: Lav sats, minstegebyr, 24 sekker til restavfall + 12 sekker til plastavfall. 
  • Gruppe C: Høy sats, 48 sekker til restavfall + 12 sekker til plastavfall. 

Alle abonnentar som treng det vil få ein ekstra rull med sekker til plastavfall «gratis».

Hytterenovasjon i Skjåk kommune

Kommunen har utplassert containere for restavfall, samt returpunkt for glas-og metallemballasje som også hytteeigarane kan bruke. I tillegg skal miljøstasjonane brukast for grovavfall og farleg avfall. Les meir på menypunktet for kommunale gebyr i Skjåk kommune.

Noter

1) Definisjon av gruppene framgår av skriv frå NGR av 30.04.2010. 2) Hytter i Grotli fritidsboligområde og Billingen hyttegrend > 50 m2 blir rekna i gruppa 3.

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway