Naturforvaltning - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Naturforvaltning

Skjåk kommune er ein viktig aktør i forvaltninga av naturen i Skjåk. Ved utøving av offentleg mynde skal det alltid gjerast vurderingar etter naturmangfoldlova iht kva verknad det har på naturen. Kommuneplanen gir viktige føringar for korleis landskapsutviklinga kan gå føre seg i Skjåk. SNO/Breheimen   ​​​​​​​ 

For å kunne forvalte naturen på ein bra måte er ein avhengig av god oversikt over naturtyper, artar og samspelet mellom desse. I Skjåk har vi samla inn mykje kunnskap om naturen gjennom kartlegging. Mange av desse opplysningane er samla på kart. Desse kan ein sjå i mellom anna naturbasa og artskart. (evt linkar her)

Vi har to store verneområde i Skjåk, Reinheimen nasjonalpark i nord og Breheimen nasjonalpark i sør. Desse blir forvalta av kvart sitt nasjonalparkstyre. Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for skjøtsel og oppsyn i nasjonalparkane. SNO-Skjåk er lokalisert hos Skjåk Utmarkssenter v/ Skjåk Almenning. 

Skjåk Almenning dekkjer eit landareal på i alt ca. 2 millionar dekar, og eigedomen utgjer 95% av arealet i Skjåk kommune. 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145