Miljøfyrtårn - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Miljøfyrtårn

Skjåk kommune er i gang med Miljøsertifisering. I løpet av våren 2024 skal vi sertifisere kommunehuset og dei tre barnehagane i bygda. 

Miljøfyrtårn

Kva er Miljøfyrtårn?
Miljøfyrtårn er eit nasjonalt system for miljøleiing for offentlege og private verksemder. Ved å vera miljøfyrtårnsertifisert skal Skjåk kommune kontinuerleg jobbe for å bli betre innan klima- og miljø. Vi har tilgang til eit digitalt system som hjelo oss med å jobbe systematisk med miljøtiltak i kvardagen. Med gode rutiner for arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport oppnår vi ei meir miljøvennleg og lønsam drift. 

Certnor er Stiftelsen Miljøfyrtårns sertifiseringsorgan. 

 

 

 

 

 

 

 

Ynskjer di bedrift å bli Miljøsertifiserast?

Det er viktig for Skjåk kommune å oppmode næringslivet om å ta sin del av ansvaret for det grøne skiftet. 

Vi tilrettelegger difor for lokalt næringsliv, slik at dei lettare kan kome i gang med miljøsertifisering i eiga bedrift.