Bærekraftig reisemålReisemålet Nasjonalparkriket har fått tildelt Merket for bærekraftig reisemål.Skjåk er ein del av Nasjonalparkriket reiseliv, saman med Vågå, Sel, Dombås og Lesja. I 2023 oppnådde vi Merket for bærekraftig reisemål.Merket for Bærekraftig reisemål er eit verktøy for reisemål som ønskjer å jobbe langsiktig og fokusert med bærekraft i reiselivet. Å jobbe med bærekraftutfordringar i reiselivet krev eit auge både på heilheita og detaljane på eit reisemål. Måle, forbetre og formidle. Målet med merkeordninga er å tilrettelegge for at Nasjonalparkriket Reiseliv AS og kommunane saman kan måle, forbetre og formidle sitt arbeid for auka bærekraft i reiselivet gjennom testa og tilrettelagte verktøy.Å gjere bærekraft konkret og operativt gjennom ein standard. Alle sertifiseringar har ein standard som dannar grunnlag for kontroll og godkjenning av dei som skal oppfylle standarden. Innhold og innretning i standardane kan variere noko, men ofte gir globale bransjekrav eit minstekrav til innhald. Standarden fungerar som ei konkret arbeidsliste og fokus for eit utviklingsarbeid. Sist endret 02.05.2024 10.04