Om prosjektet“Sats på Skjåk” er eitt prosjekt med utspring i midlar Skjåk kommune fekk av Husbanken si tilskotsordning "bustadtiltak i distrikta. I 2023 bygde Skjåk kommune fire prøvebueiningar for å møte utfordringane i forhold til rekrutteringtil det lokale næringslivet og dei demografiske utfordringane. Prosjektet "Sats på Skjåk" går ut på ålage ei heilheitleg ordning og forvaltning rundt prøvebustadane for å tiltrekke oss nye innbyggarar.Gjennom prosjektet skal vi også få på plass ei tilflyttarteneste, og vi skal arbeide med bu- og blilyst. Prosjektet går i hovudsak ut 2024, men for å lykkast med arbeidet må vi tenkje langsiktig. Gjennom tilskotsordninga har vi fått moglegheit til å arbeide tett med Distriktssentret. Distriktssentret er ei offentleg verksemd som arbeider for å styrke kommunar si evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn. Distriktssentret har kunnskap og kompetanse på korleis ei tilflyttarteneste skal riggast. For å få til dette i Skjåk, samarbeider vi tett med dei. I tillegg er samarbeid med lokalt næringsliv, lag- og organisasjonar og lokalbefolkning essensielt for å lykkast i prosessen.Dei fleste distriktskommunane i heile landet har demografiutfordringar. Vi ser at låge fødselstal ogstørre andel eldre gir utfordingar for å sikre arbeidskraft til distrikta. Ei kommunal tilflyttartenest kanbidra til å bremse befolkningsnedgangen ved at fleire av dei som har kome vel å bli buande framfor åfløtte vidare. Vi i Skjåk kommune må utnytte vårt handlingsrom for å skape ei god utvikling. Sist endret 25.04.2024 09.45