Ny skogsatsing i Nord-Gudbrandsdalen

Lom og Skjåk kommunar deltek i prosjektet “Klima- og stadstilpassa skogbruk i ei grøn framtid”. 

Klima- og stadstilpassa skogbruk i ei grøn framtid

Kommunane i Midt- og Nord-Gudbrandsdal har gått saman om å etablere prosjektet Klima- og stadstilpassa skogbruk i ei grøn framtid. Hallvard Helland er tilsett som prosjektleiar i 60% stilling frå 1. mars med kontor på landbruksavdelinga i Vågå kommune. Arbeidsdagar er i utgangspunktet måndag, tysdag og onsdag med onsdag som fast kontordag.

Helland er utdanna skogbrukskandidat frå NLH i 1997 og har drive eige firma, Helland Skogdrift, sidan 1999. I tillegg til vanleg skogsarbeid har han arbeidd ein del med bioenergi. Helland bur i Lom der han driv gard med ammeku.

Eit viktig satstingsområde i prosjektet er auka aktivitet i skogbruket med hovudfokus på forynging, ungskogpleie og tynning. Dette er viktige tiltak for å få skog som er best mogleg rusta for å takle klimaet vi får i framtida kombinert med sterkare føringar om større innslag av lukka hogstar. I tillegg gir det auka verdi i bestanda. Det ligg moglegeheiter for auka verdiskaping og nye arbeidsplassar i heile verdikjeda frå plante til sagbruk viss fleire ser verdien i å stelle gardsskogen.

Opprusting av eksisterande skogsbilvegnett er også eit prioritert satsingsområde for prosjektet. Dette er viktig både med tanke på tilkomst og for å førebyggje store eingongskostnader ved at vegane blir øydelagt som resultat av manglande vedlikehald. Erfaringane etter Hans  og andre ekstremvêr siste åra viser at dette blir stadig viktigare. Prosjektleiar kan hjelpe til med organisering og registrering av veglag og elles i prosessen for å for å kome i gang med nødvendig oppgradering.

Viss du har spørsmål eller ønskjer bistand til å vurdere tiltak i eigen skog er det berre å ta kontakt på tlf: 950 47031 eller epost: hallvard.helland@vaga.kommune.no

Kontakt

Pål Skjåk Haugen
Jordbruksrettleiar/Skogbrukssjef
Telefon 909 16 579
Mobil 909 16 579