Regionale miljøtilskotOm tilskotsordninga Dei regionale miljøtilskota skal stimulere til ein auka miljøinnsats i jordbruket utover det som er mogleg gjennom nasjonale ordningar. Kvart fylke har eit eige miljøprogram som beskriv utfordringar og mål for jordbruket på miljø- og klimaområdet. Jordbruket i Innlandet skal oppretthalde eit variert og ope kultur- og seterlandskap, samt bevare og utvikle natur- og miljøverdiane gjennom aktiv skjøtsel og bruk av ressursgrunnlaget. Jordbruket i Innlandet skal drivast miljøvenleg og med god agronomi som tek vare på produksjonsgrunnlaget og reduserar forureining og klimagassutslepp per produsert eining.Tilskotsformåla er definert i eiga forskrift. Desse er mellom anna:Drift av bratt arealDrift av beitelag Beiting av verdifulle jordbrukslandskap i innmark (gjeld for Bøverdalen og Bråtågrenda)Slått av slåttemyr og slåttemarkSkjøtsel av biologisk verdifulle arealSonar for pollinerande insektDrift av seter (NB! Minst fire veker per sesong)Skjøtsel av freda kulturminnerSkjøtsel av jordbruksareal i seterområderIngen jordarbeiding om høsten (gjeld kun enkelte vekster)Spreiing av husdyrgjødsel etter definerte vilkårUgrasharving i åkerKlimarådgjevingAlle jordbruksføretak som har rett på produksjonstilskot kan søke på desse, og tilskota blir tildelt etter standardvilkår og faste satsar til alle som tilfredsstiller vilkåra. I tillegg kan organiserte beitelag søke om tilskot til årleg drift, basert på talet på dyr sleppt på beite i utmark.Søknadsrettleiing:Veiledningshefte for ordninga: RMP veileder 2024Rettleiing i bruk av kartløysinga i søknaden: Kart_veiledning_2019 (PDF, 5 MB) Søknadsfrist: 15. oktober Søknadsskjema og meir info finn du her:Landbruksdirektoratet sine nettsider Statsforvaltaren i Innlandet sine nettsider Sist endret 02.10.2024 09.07