InvesteringsstøtteInnovasjon Norge forvaltar midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Formålet med midlane er å leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, samt bidra til sysselsetjing, busetjing og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i landbrukets ressursar generelt og landbrukseigedomen spesielt. Midlane er det viktigaste økonomiske verkemiddelet for å bidra til næringsutvikling i, og i tilknyting til landbruket. Innovasjon Norge kan løyve investeringsmidlar til driftsbygningar innan tradisjonelt landbruk, utvikling av bedrifter som driv med tilleggsnæring på garden, og produksjon av bioenergi. Søknadsfrist: Ingen søknadsfrist, søknadene blir behandla fortløpande. Les meir om investeringsmidlar i landbruket på Innovasjon Norge sine sider Sist endret 05.01.2021 13.36