Om landbrukskontoret

Landbruk er ei viktig næring i Lom og Skjåk, og står for ein vesentleg andel av sysselsetjinga i kommunane. Det er totalt 270 føretak som søker produksjonstilskot, og dei aller fleste av desse er husdyrprodusentar. Til saman driv desse føretaka om lag 46 000 dekar jordbruksareal. I tillegg er det betydelege utmarksareal som blir beita av sau, geit og storfe sommarstid. Dette bidreg til å oppretthalde det flotte kulturlandskapet i fjell og dal.  

Felles landbrukskontor for Lom og Skjåk vart etablert 1. september 2018. Det er Skjåk som er vertskommune for samarbeidet. Landbrukskontoret forvaltar lovar, forskriftar og verkemeddel i landbrukspolitikken som gjeld for jordbruk og skogbruk. Ei viktig oppgåve er å rettleiie brukarar av tenestane, og gjere den faglege kompetansen tilgjengeleg for næringsutøvarar i kommunane. 

Landbrukskontoret skal fremje ei berekraftig forvaltning av jord- og skogressursar som skapar verdiar og sikrer produksjonsgrunnlag, og som tek omsyn til miljø- og kulturverdiar. Kontoret skal stimulere til næringsutvikling på den enkelte eigedom, både innan tradisjonelt landbruk og andre næringar med tilknyting til landbrukseigedomar.

 

Opningstider

Kommunehuset i Skjåk: Man-fre 08:00 - 15:30

Kommunehuset i Lom: Onsdag og fredag 08:00 - 15:30

(Gjer avtale med ein av oss om du ønsker å treffe oss på Midtgard til eit anna tidspunkt) 

 

Tilsette ved landbrukskontoret 

Tilsette ved landbrukskontoret
Namn Stilling Telefon
Erling Dagsgard Jordbrukssjef 90999496
Pål Skjåk Haugen Skogbrukssjef 90916579
Kari Hånsnar Jordbruksrettleiar 99162602
Kristin Smågård Jordbruksrettleiar 93229458

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496