Grunndata og kart - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Grunndata og kart

Tenesten Gårdskart på internett viser kart over arealressursar med arealtall for ein valt landbrukseigedom. Tenesten er tilgjengeleg for alle brukarar og eigarar av landbrukseigedomar. 

Informasjon i Gårdskart:

  • Gards- og bruksnummer for landbrukseigedomen hentas frå grunneigedomstabellen i Landbruksregisteret. 
  • Eigedomsgrenser for den eigedomen ein søker på hentas frå Matrikkelen. 
  • Markslag som fulldyrka jord, overflatedyrka jord, innmarksbeite, og produktiv skog med meir hentas frå NIBIO sitt arealressurskart AR5.  

Meld i frå til oss viss du har areal som skulle ha vore omklassifisert til dyrka jord eller innmarksbeite, eller viss du oppdagar feil i kartet.  

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496
Kristin Smågård
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 932 29 458