Driveplikt - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Driveplikt

Reglane om driveplikt gjeld alle eigarar av jordbruksareal. Etter jordlova § 8 har eigarar av eigedom med jordbruksareal driveplikt i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at eigaren driv sjølv eller ved bortleige. 

Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Dersom eigedomen har slikt areal, er det driveplikt på den, uansett kor stort arealet er. Driveplikta varer gjennom heile eigartida, frå du blir eigar til du overdreg eigedomen til nokon andre. 

Driveplikten gjeld ikkje skog. For skog gjeld skogbrukslova. 

Les meir om reglar for driveplikt på Landbruksdirektoratet sine sider

Kontakt

Erling Dagsgard
Jordbrukssjef / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 909 99 496