Nye Skjåkhallen - oppgradering og ombygging - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Nye Skjåkhallen - oppgradering og ombygging

  • Hallen vart oppført 1978-1980 (Skjåkhallen). 
  • Prosjekt 2023 : Oppgradering/renovering og ombygging av Skjåkhallen, svømmehall og mellomdel.
  • Prosjektleiar Skjåk kommune: Ove John Plassen
  • Total entreprenør:  HS Bygg AS (Stryn)
  • Byggestart: Juli 2023
  • Ferdig haust (oktober) 2024

Prosjekt oversikt

  • Mellombygg: Riving av heile mellombygget mellom idrettshall og svømmehall. Nytt mellombygg får større areal.
  • Svømmehallen: Renovering av eksisterande svømmehall. Stålkar skal settast inn i dagens basseng, og bygging av nytt opplæringsbasseng. Ny tomt skal gravast nedanfor svømmehallen til opplæringsbassenget. Opplæringsbassenget vil bli 12,5 meter x 8,5 meter. Svømmehallen blir heilt stengt til prosjektet er ferdig hausten 2024.
  • Underetasje/kjeller i mellombygget:  skal delvis stå att, men fjernar dekket mellom underetasjen og huvudetasjen. Underetasjen skal ikkje lenger nyttast til publikumsareal, blir kun teknisk rom og lager
  • Skjåkhallen (idrettshall): Idrettshallen vil vera open, men det vil ikkje vera ventilasjonsanlegg i idrettshallen i tida framover, sidan dette lå mellombygget. I idrettshallen blir det skifta belysning frå vanleg lysarmatur til LED-armatur. Nytt golv kjem sommaren 2024.  Idrettshallen blir stengt t.o.m. haustferien 2023. Det skal riggast opp fire (mellombels) brakker med garderobar og toalett. Brakkene er dimensjonert for ei skuleklasse og to handballag.

Webkamera

Sjå webkamera med løpande status på arbeidet med oppgradering og ombygging av Skjåkhallen/svømmehall.

webkamera med løpande status på arbeidet med den nye svømmehallen - Klikk for stort bilde Webkamera - oppgradering og ombygging Skjåkhallen/svømmehall

Artikkelliste

Kontakt

Ove John Plassen
Prosjektleiar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 474 52 125