Vaksenopplæring - Skjåk kommune

Viktig melding

Ny renovasjonsordning

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn på lenka NY RENOVASJONSORDNING for meir informasjon

Vaksenopplæring

Vaksenopplæringa i Skjåk

Opplæringslova gjev vaksne rett til spesialundervisning på etter sakkyndig utredning og tilråding. Denne retten omfatter personar med mangelfull fyrstegongsopplæring, samt personar over 20 år, som etter skade eller sykdom får behov for ny opplæring etter tap av evner, ferdigheiter eller kunnskaper. 

Norskopplæring

Det er både rett og plikt til å delta i 550 timar norsk og 50 timar samfunnsfag for personar mellom 16 og 55 år som søkjer opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som grunnlag for busettingsløyve. Innvandrarar mellom 55 år og 67år har rett, men ikkje plikt til å ta del i opplæringa.

Pris 

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2700 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 600 timane. Arbeidsinnvandrarar kan måtte betale for undervisninga.

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway